Vilkår for Levering

 

Ordremottak er ope måndag –fredag frå kl 08:00 – 15:00. Me tek i mot bestillingar heile døgnet, og handsamar desse i opningstida. Ved hastesaker kan ein nytta telefon; ring 91666909

 

Bestillingsfristar:

Mat til helga bør bestillast seinast i byrjinga av same veke. Mat for levering i samband med konfirmasjon og i desember bør bestillast i god tid.

Me står klare til å levere på kort varsel ved behov.

 

Endring i bestillinga:

Endringar i tal på serveringar, allergiar eller vare skal skje seinast 3 virkedagar før henting eller levering.

 

Avbestilling:

 

Avbestilling må skje seinast 4 virkedagar før avtalt levering – og hentetidspunkt. Dersom avbestillinga blir send 2-4 virkedagar før avtalt levering – og hentetidspunkt blir det fakturert med 50% av avtalt pris. Avbestilling som blir gjort seinare enn 2 virkedagar før avtalt levering – og hentetidspunkt blir fakturert 100% av avtalt pris.

Avbestilling må gjerast via e-post til kontakt@ellvilt.as eller på kontaktskjema på www.ellevilt.as 

 

Retur av utstyr:

Tidspunkt for retur av utstyr, serveringsfat og liknande, skal avtalast med sjåfør ved levering. Ved henting skal tidspunkt avtalast med personalet. Dersom du sjølv ynskjer å returnere utstyret må dette gjerast innan 3 virkedagar etter arrangementet.

Skada eller tapt utstyr fakturerast.

 

Bestilling av lunsj og møtemat:

 

For bestilling av lunsj må dette skje 1-2 virkedagar før levering. Bestilling med levering same dag kan berre gjerast via telefon. Me garanterer ikkje at me har kapasitet til levering same dag som bestilling.

 

Frakt; levering og henting:

Me leverer varene til deg på gitt adresse og tidspunkt.

Leveringstidspunktet skal opplysast i bestillinga. Ved endring må dette opplysast om seinast 1 time før levering. Leveringstidspunktet er +/- 30 min frå avtalt tidspunkt.

Kunden må vera til stades på leveringsstaden til avtalt tid.

Fraktpris er frå kr 150 (Sogndal), aukar etter avstand frå Sogndal.

Me tek atterhald om køyreforhald og andre uforutsette hendingar som kan forseinke leveringa

 

Levering og forsinkelse

 

Emballasje:

Kald mat kjem i øskjer, og kvart fat er pakka i tynn film. Varm mat kjem i termokassar som held maten heit i fleire timar.

 

Rettigheiter ved feil og manglar (Reklamasjon)

Melding om feil og mangler ved varen kan overbringes oss muntlig eller skriftlig. Vi anbefaler av bevishensyn at reklamasjonen sendes oss skriftlig. Vi vil skriftlig bekrefte mottak av alle reklamasjoner, herunder mottak av varer som sendes tilbake til oss for inspeksjon eller feilretting.

Reklamasjon må skje innan rimeleg tid etter at mengelen blei oppdaga, eller burde vore oppdaga. Dersom varene har feil eller manglar kan de etter omstenda krevje retting av feilen, omlevering, prisavslag, erstatning, eller at kjøpet blir heva. Feilen må finnast når kunden får vara levert. Ein kan melda frå om feil munnleg eller skriftleg. Me anbefaler med omsyn til prov, at reklamasjonen blir sendt oss skriftleg. Me vil skriftleg stadfeste mottak av alle reklamasjonar, irekna mottak av varer som blir sendt tilbake til oss for inspeksjon eller feilretting.

 

Betalingsvilkår:

Alle bestillingar blir fakturert på etterskot med 14 dagars forfall, dersom ikkje anna er avtalt på førehand.

Ved fakturering via vanleg post (papirfaktura) blir det berekna eit faktureringsgebyr på kr 40,-.

Dersom faktura ikkje blir betalt til rett tid, blir det kravd morarente etter Lov om renter ved forsinka betaling m.m av 1976-12-17, og dersom purring må setjast i verk kjem gebyr i tillegg. Ved manglande betaling vil kravet, etter føregåande varsel, bli send til inkasso. Ved forsinka betaling vil det koma til renter i samsvar med lov om morarenter. Dersom purring må setjast i verk vil det koma til gebyr.